Posts

Praktisk informasjon

Overnatting: Huglo har husrom heile helga, sei ifrå snarast råd så ordnar vi overnatting. Vi har fått låne nokre rorbuer og sommarhus (limited edition).  Elles er det god plass for sprekingar i bruracampen og på skulen som ligg eit steinkast frå kapellet og festlokalet. Skulen kan freiste med dusj, kjøken, treningsrom og god litteratur. Ta sjølv med sovepose og liggeunderlag eller tilsvarande. Bryllaupscampen har tilgang til skulens luksuriøse tilbod.  Tidspunkt: Vigsle i Huglo Bedehuskapell kl. 13 (Her er alle velkomne).  Middag vert servert i Fjellheim kl. 16 (for inviterte gjester).  Kaffi vert servert i Fjellheim kl. 20 (for inviterte gjester).  Late Night Jam med saltmat kl. 00. Ta gjerne med instrument! (for inviterte gjester).  Ferjeruter:  Huglo er lita men stor nok til at det går vesentlig lettare å kome seg fram med bil enn til fots :)  Ferjeavgongane til Huglo er fleire enn det ser ut til ved første auge...

Kart

Kart  - Her finn du alle lokasjonane du kan trenge på Huglo. google maps  - bedehuskapellet der vi blir vigsla.

Fredag: grill, spel og dugnad

På fredag er alle hjarteleg velkomne til ungdomshuset. Der kan folk kose seg i sola eller spele kubb, biljard, krokett o.l. Vi kombinerer desse aktivitetane med ein slags dugnad for å få klargjort festlokala. Klokka 1800 fyrer vi opp grillen i samsvar med det lokale brannvesen. Her kan du få potetsalat, karbonade, pølse og kanskje ein prøvesmak på deler av bryllaupsmenyen. 

Tre kjøkemeistra

Me er så heldige å ha heile tre kjøkemeistra! Middagen vert leia av stødige hender av søskna til Endre: Tormod og Gunhild :) Frå kaffien tek erfaringa sjølv, vår gode ven Magnus Hatløy øve :) Har du lyst å seia eit ord eller fleir eller finna på noko anna sprell så er det veldig koselig:) For at ikkje programmet skal dryge for lenge set me pris om du held deg til ca. 5 min . Blir tidsramma for knapp for deg, kan du ta ein prat med Gunhild. For å halde orden på tid og få lagd ein plan så gje gjerne ein lyd til Gunhild. Ho tek imot e-post: gunhild.tufteland@gmail.com Eller telefon: 97514567

Opplev Huglo

Her er ein flott natursti som går innom gruvene, kuhidlaren med steinalderspor og kvednavikjo med ei restaurert kvern. Varden står på høgste punktet på øya (218 moh) med makalaust utsyn over herlegheita og Sunnhordland. Gapahuken er idyllisk plassert sør aust på øya over tveitevågen. Her kan du sjå utover Kvinnherad frå ei perle med torvtak, grue og tørr ved. Gløym ikkje å skrive i hytteboka seier Øyvind Sortland som er ein av kunstnarane bak konstruksjonen. Ovnsmuseum (ta kontakt med Astrid 99442495 så kan ho ordne vitjing) Gravrøys - 10 min gange. Bading - fleire flotte badestrender med så varmt vatn at sjølvaste brura har lauga seg. Tveitevågen, Røspevikja (Vikasanden på fint), Leiro (her kan du leite etter restane av ein tysk torpedo og sjå gjerder som går langt ut i fjorden. Bading er nok best på dei andre strendene..) Jan Tufteland (far åt brugommen) ror folk ut i nuen for å vise øya frå sjøen. Butikken har is og koseleg uteplass Huglarane er trivelege folk, s...

Ynskjeliste

Sei ifrå til Angunn Eikeland på 95702506 eller fjesboka for å fjerne noko frå ynskjelista. Kontonr: 9713 44 88127 Vi er veldig glade om nokon ynskjer å gje oss noko :) Samtidig ynskjer vi å skåne miljøet for ting og tang som ikkje blir brukt. Så, gje gjerne ein slant til: kirkensnodhjelp.no rodekors.no gga.no  barneheim i Sør Afrika der Endre jobba eit halvår i 2005. framtiden i våre hender ser ikkje ut til at ein kan gi enkeltgåve, men bli gjerne fast givar :) Hus og heim: liste på kitchn.no liste på glasmagasinet Pengar til godstol og lampe Kjøkenmaskin: Kenwood. Titanum KVL8470S  - 8266 (pengar til spleiselag) Klappstolar - brukte, lette kvalitetsstolar ein kan finne fram frå boda når ein har mange gjester. Forkle (gamalt og/eller heimalaga i naturfiber, ikkje syntetisk plast) Fritid: -kjøpt- Kajakkpadleåre som støttar utviklingsprosjekt i Afrika: http://www.avannaq.no/?page_id=53 den skal vere 222cm lang med kvit logo, eller noko anna ...