Posts

Showing posts from April, 2018

Opplev Huglo

Her er ein flott natursti som går innom gruvene, kuhidlaren med steinalderspor og kvednavikjo med ei restaurert kvern. Varden står på høgste punktet på øya (218 moh) med makalaust utsyn over herlegheita og Sunnhordland. Gapahuken er idyllisk plassert sør aust på øya over tveitevågen. Her kan du sjå utover Kvinnherad frå ei perle med torvtak, grue og tørr ved. Gløym ikkje å skrive i hytteboka seier Øyvind Sortland som er ein av kunstnarane bak konstruksjonen. Ovnsmuseum (ta kontakt med Astrid 99442495 så kan ho ordne vitjing) Gravrøys - 10 min gange. Bading - fleire flotte badestrender med så varmt vatn at sjølvaste brura har lauga seg. Tveitevågen, Røspevikja (Vikasanden på fint), Leiro (her kan du leite etter restane av ein tysk torpedo og sjå gjerder som går langt ut i fjorden. Bading er nok best på dei andre strendene..) Jan Tufteland (far åt brugommen) ror folk ut i nuen for å vise øya frå sjøen. Butikken har is og koseleg uteplass Huglarane er trivelege folk, s...

Praktisk informasjon

Overnatting: Huglo har husrom heile helga, sei ifrå snarast råd så ordnar vi overnatting. Vi har fått låne nokre rorbuer og sommarhus (limited edition).  Elles er det god plass for sprekingar i bruracampen og på skulen som ligg eit steinkast frå kapellet og festlokalet. Skulen kan freiste med dusj, kjøken, treningsrom og god litteratur. Ta sjølv med sovepose og liggeunderlag eller tilsvarande. Bryllaupscampen har tilgang til skulens luksuriøse tilbod.  Tidspunkt: Vigsle i Huglo Bedehuskapell kl. 13 (Her er alle velkomne).  Middag vert servert i Fjellheim kl. 16 (for inviterte gjester).  Kaffi vert servert i Fjellheim kl. 20 (for inviterte gjester).  Late Night Jam med saltmat kl. 00. Ta gjerne med instrument! (for inviterte gjester).  Ferjeruter:  Huglo er lita men stor nok til at det går vesentlig lettare å kome seg fram med bil enn til fots :)  Ferjeavgongane til Huglo er fleire enn det ser ut til ved første auge...