Opplev Huglo

Her er ein flott natursti som går innom gruvene, kuhidlaren med steinalderspor og kvednavikjo med ei restaurert kvern.

Varden står på høgste punktet på øya (218 moh) med makalaust utsyn over herlegheita og Sunnhordland.

Gapahuken er idyllisk plassert sør aust på øya over tveitevågen. Her kan du sjå utover Kvinnherad frå ei perle med torvtak, grue og tørr ved. Gløym ikkje å skrive i hytteboka seier Øyvind Sortland som er ein av kunstnarane bak konstruksjonen.

Ovnsmuseum (ta kontakt med Astrid 99442495 så kan ho ordne vitjing)

Gravrøys - 10 min gange.

Bading - fleire flotte badestrender med så varmt vatn at sjølvaste brura har lauga seg. Tveitevågen, Røspevikja (Vikasanden på fint), Leiro (her kan du leite etter restane av ein tysk torpedo og sjå gjerder som går langt ut i fjorden. Bading er nok best på dei andre strendene..)

Jan Tufteland (far åt brugommen) ror folk ut i nuen for å vise øya frå sjøen.

Butikken har is og koseleg uteplass

Huglarane er trivelege folk, så ikkje gå av vegen om du møter dei til fots (kjem dei i traktor der i mot...)

huglo.no


Comments

Popular posts from this blog

Tre kjøkemeistra

Praktisk informasjon